Om Kokarsteinen
Ute i Dyrkornstranda har ein kjempestein kneisa høgt og gigantisk i uminnelige tider; Kokarsteinen. I gamle skrifter kan ein lese om ein mann som budde i området i 1840-åra. Han vart kalla Kokamat-Pe, og held til under hellaren. Historia fortel at han kokte maten sin der.
Bilvegen opna i 1938. Før denne kom, var fjellet eller bruken av båt einaste kommunikasjonsmåte mellom bygdene. Kokarsteinen vart eit landemerke for farande mellom Dyrkorn og Vaksvik. Naturen på staden innbaud til rekreasjon, ikkje minst fine vår- og sommarkveldar med vakker fuglesong i lia over, og nydelege solnedgangar.
Klikk på kartet på høyre side for å se et detaljert kart.
Den nye vegen, og første Viset-tunnellen, starta ei ny tid med tanke på samkomet folk imellom. Mangt eit ungt par sverma ved Kokarsteinen, og hellaren bar på mange røyndomar om romantikk og kjærleik. Ein kunne også søkje innunder steinkjempen og redde seg frå ei regnskud, eller nysgjerrige blikk.
Både små og store vitja staden i ulike samanhengar, og på bileta kan vi mellom anna sjå kvinneforeiningar frå ulike bygder på utflukt til Dyrskornstranda, med kaffistund under Kokarsteinen. Ein kan tenkje seg praten enno, latteren frå born som klatrar på landemerket, og gamle dampen som tutar nede på fjorden, på veg ut mot Ålesund.
Sprenging av Kokarsteinen
Utviklinga gjekk raskt i etterkrigsåra. Industrialiseringa lengre inne i fjorden og opninga av vegen inn til Stordal gav meir trafikk, også med større køyretøy. Toppen av Kokarsteinen stakk fram mot vegbana, og måtte vike. Med sprengladningar vart framspringet på steinen fjerna. Trafikken gjorde også ferdsel langs vegen farleg, og etter kvart slutta folk å gå ut til den vakre staden. Kokarsteinen grodde att med skog og busker, og slik låg han heilt til arbeidet med Dyrkorntunnellen starta i 2001. I et forsøk på å flytte steinen, oppdaga arbeidarane at dette ikkje let seg gjere. Han for sprokken etter sprenginga 20 år tidlegare.
Kokarsteinen i dag
I dag, i 2004, har restane av steinen igjen fått eit særpreg, gjennom kunst-naren Erling Pilskog. Delane av den gamle kjempen kan nok ein gong gje ly for romantikk, eller regndropar. Fuglane syng like vakkert i lia over, og solnedgangane er dei same. Utsynet til Storfjorden gjennom kunstverket syner at naturen er storslagen og vakker som før. Tursistskip og hurtigruter er visse gjestar på den blå ferdelsåra heile sommarhalvåret. Ytste Skotet, verdt et besøk, ligg tvers over fjorden, og minner om tidene som ein gong var.