Løsetstova

Den eldste delen av Løsetstova i Stordal, vart bygd i 1790. Den er seinare påbygd utan at ein veit årstal. Huset har ei grunnflate på 125 m2. I tillegg kjem ein svalgang på baksida av huset på 6 m2. I 2.etg. er det loft i kvar ende av huset. Det er og ein liten kjellar under.

Huset stod på garden Løset, gnr. 150, bnr. 2 i Stordal, og tjente som bustad til fam. Martin Løset fram til 1943. I 1971 vart huset rive og lagra, og på slutten av 1987 stod huset ferdig oppattsett på tomt ved siden av Rosekyrkja.

Staff Photo