Rosekyrkja står på ein gammal kyrkjestad. Kanskje har det stått kyrkjer her heilt tilbake til 1100-talet. Stavkyrkja som sto her fram til 1788, vart heilt eller delvis riven for å gi plass til Rosekyrkja slik vi ser ho i dag.
Gjennom historia har kyrkja hatt ulike eigarar. I tida før 1788 var stavkyrkja i dårleg stand. Det var bøndene i bygda som åtte kyrkja på dette tidspunktet. Dei gjekk då saman om å bygge ei ny kyrkje. Soknepresten teikna den nye kyrkja, og bøndene gjorde det meste av bygningsarbeidet.
Kyrkja vart ferdigbygd i 1789 og er ei typisk åttekantkyrkje. Denne byggestilen var vanleg i dette distriktet på denne tida. Dekorasjonane på innsida av kyrkja er makelause. Kyrkja sto i ti år før to omreisande bygdekunstnarar med namna Vebjørn Hamarsbøen og Anders Reinholt kom til bygda for å dekorere vegger og tak. Vebjørn Hamarsbøen vart også kalla Vebjørn Halling fordi han kom frå Hallingdal. Hallingdal var kjend for rosemålingstradisjon, og denne tradisjonen tok Vebjørn med seg over fjella til Vestlandet.
Vi kan tenkje oss at det var ei stor oppleving for folket i Stordal å sjå kyrkja dekorert for første gong. Når vi kjem inn i kyrkja, ser vi Jesus på venstre side mellom dei kloke og dei ukloke jomfruene. Kunstnaren har sitert eit vers om jomfruene under personane. Ein del av dette sitatet vart skjult då galleriet vart utvida.
Vi kan sjå at kunstnaren fekk for lite plass til sitatet under dei ukloke jomfruene, slik at han måtte avslutte det siste ordet på ei linje over.
Vidare innover på veggen på venstre side ser vi Samson og løva og så David og Goliat. Det ser ut for at Goliat alt har hovudet av ein fiende under armen sin. Over koropninga ser vi evangelistane Matteus, Markus, Lukas og Johannes. På sørveggen ser vi apostlane. I himlingen over midtgangen har kunstnaren måla stjernehimmelen med sol og måne.
Alle veggmåleria er originale, og har altså aldri blitt restaurerte. Målinga som kunstnaren brukte, er ein type limfarge. Som vi kan sjå, har det ein gong vore lekkasje gjennom taket slik at målinga ved evangelisten Matteus over koropninga har blitt nesten utviska. Krusifikset på venstre sida i kyrkja er datert til rundt 1200 e. Kr. Dette hang truleg i den gamle stavkyrkja.
Krusifikset vart restaurert i 1956. Altertavla viser Jesus på korset. Ved foten av korset ser vi mor til Jesus og apostelen Johannes. I teksten under står det: ”Hvo som æder mit Legeme og Dricker mit Blod Han Haver Det Evige Liv”. Altertavla og truleg også preikestolen har blitt overmåla. Det skjedde i 1860 åra.
Gardane hadde sine eigne benker i kyrkja, og dei største gardane hadde dei fremste benkene.
Småbrukarar og tenestefolk sat bak i kyrkja på dei smale benkene eller på galleriet.
I 1862 vart kyrkja ombygd. Større vindauge vart sette inn i staden for dei gamle vindauga med blyinnfatning. Inne i kyrkja vart det då mykje lysare. To ting gjorde dei ikkje: Dei sette ikkje inn orgel, og heller ikkje omn. Preikene var ofte svært lange, og vi kan tenke oss kor kald og trekkfull kyrkja må ha vore om vinteren. Dette og den kjennsgjerninga at kyrkja var altfor lita for kyrkjelyden, førte til at ei ny kyrkje vart bygd i 1906. Den nye kyrkja vart bygd nærare sjøen for å gjere det lettare for dei som måtte reise med båt frå gardane langs fjorden.
Fortidsminneforeninga tok over den gamle kyrkja. Dette er ein frivillig organisasjon som arbeider for å ta vare på gamle bygningar. Kyrkja bli no av og til brukt til vigsler for par som ønskjer å gifte seg. Det er regelmessig gudsteneste 17. mai og 29. juni. Den norske grunnlova vart underskriven 17. mai i 1814. Mange kjem i bunad til gudsteneste 17. mai. Til minne om Heilag Olav blir det halde olsokgudsteneste 29. juli.
Omvisning
For fleire opplysingar om omvising i kyrkja, ta kontakt med guidane i Prestestova som står på tunet like ved Rosekyrkja, eller ta kontakt med guidane i Prestestova på tlf. 70 27 81 40. Utanom opningstid kan du også ringe tlf. 70 27 91 72, ev. 70 27 80 07, då vil du bli sett over til Kristian Almås.