Severdigheter

Stordal Bygdetun
Stordal Bygdetun består av Rosekyrkja, Prestestova, Løsetstova og eit gammalt stabbur. Desse er open for publikum i sommarhalvåret. Her har Kyrkjehola Kulturbeite sine arrangement på sommaren.

Rosekyrkja
Frå 1789, vakkert dekorert innvendig. Open for besøkande i sommarhalvåret.

Stordalkyrkja
Stordal kyrkja var bygd i 1907. Gamlekyrkja var for lita. I kongelig resolusjon av 11. Juni 1906 vart det meddelt løyve til å føre opp ny kyrkje på Vinje, litt naerere fjorden enn gamlekyrkja.

Løsetstova
Den eldste delen av Løsetstova i Stordal, vart bygd i 1790. Den er seinare påbygd utan at ein veit årstal.

Fjellgården Ytste Skotet
I det brattlendte fjordlandskapet på vestsida av Storfjorden finn vi Ytste Skotet. Fjellgarden ligg vakkert på ei hylle 225 m over fjorden, og har hatt busetting heilt sidan vikingtida.

Kokarsteinen
Utsynplass på vegen utanfor Dyrkorn. Opprinneleg ein hellar som etter sagnet ga ly for reisande. Eit monument er reist av restane av denne store steinen. Her er det også kiosk, gatekjøkken og ein flott rasteplass med utsyn over Storfjorden.

Storelva
God lakseelv. Flott turveg langsmed elva for gåande/syklande. Strekker seg frå osen til Storheim. Les mer om historien.

Langsæterområdet og Stordal Alpinsenter
Langsæterområdet består av stølane Pusken og Kvitlane. Mange gamle sel og hytter. Turområde, badeplassar. Om vinteren er det trakka skiløyper innover fjellet. Alpinanlegg på Overøye.

Stordal Småbåthamn
Koseleg hamn med plass til ca. 20 gjestebåtar. Molo med raste-/grillplass og utsikt over Stordalsvika. Servicehus.

Jøssvoll
Jøsvoll er en slektsgård med røtter tilbake til 1510. Eies i dag av Else-Turid og Per Ivar Moe, som har restaurert de historiske bygningene. Våningshuset, slik det fremstår idag, er fra 1763.

Dyrkornanleggene
Eit eldre og særmerkt ”industrimiljø” ved sjøen på Dyrkorn, i retning mot Sjøholt. Om sommeren er det en Devoldbutikk med salg av ullvarer og av og til utstillinger.

.

Staff Photo