Stordal kyrkja var bygd i 1907. Gamlekyrkja var for lita, det same galt kyrkjegarden. I kongelig resolusjon av 11. Juni 1906 vart det meddelt løyve til å føre opp ny kyrkje på Vinje, litt naerere fjorden enn gamlekyrkja. Stordalinger både ute og heime ytte mykje til kyrkja – både pengar og arbeid. Stein til grunnmuren vart ein del henta med båt frå hi sida av fjorden. Trevyrkjet kom mykjegodt frå Trøndelag.
Kyrkja vart vigsla 16. August 1907. Orgelet vart betalt av gåver frå Amerika. Peter Olaus Jensen Moe, som var utdanna snikkar og dreiv sjølv snikkarskule på Mo i mange år, laga mykje av inventaret i den nye kyrkja. Rundt 1960 laga Sivert Moe 4 brudestolar, som er rikt dekorerte med treskurd.
I tida etter at kyrkja var bygd kom det sterke ønske om å få sett opp stallar ved kyrkja. Ønska kom særleg frå folk som budde langt til dals, og som på den tid køyrde til kyrke med hest. Stallane var bygde omkring 1920 og stod til omkring 1960.
Kyrkja fekk tre lysekroner som gåve, en var ei gåve fra Peter Midtbust, som budde i Amerika og som sende pengar til far sin i Stordal.