Ytste Skotet

Gården
I det brattlendte fjordlandskapet på vestsida av Storfjorden finn vi Ytste Skotet. Fjellgarden på omtrent 3.000 mål ligg vakkert på ei hylle 225 m over fjorden, og har hatt busetting heilt sidan vikingtida.
Ein kan undre seg over at nokon ville bu slik, men sjølv om det var mange tunge løft på Ytste Skotet, var det ein god gard; den blei rekna som ein av de beste korngardane i Stordal. Den tradisjonelle driftsmåten med korn på innmark og beite og slått på utmark blei halden i hevd heilt fram til 1954, då dei siste brukarane flytta. Dei 8-9 bygningane og kulturlandskapet er tekne godt vare på, og om sommaren er her framleis full aktivitet med slått og dugnadsfolk.
Som gjest kan du få enkel servering og overnatting i tillegg til at du kan delta på ulike kurs der temaet sjølberging er den raude tråden. Mange private kjem opp for ulike feiringar, f.eks er det blitt populært å feire jubileum eller bryllup her! Lag, bedrifter og organisasjonar kjem opp i helgane etter avtale. Gjennom å sjå deg om i husa, få servert tradisjonskost, ta del i aktivitetane og overnatte i stabburet eller i høyet på låven, får du innblikk i livet i ei anna tid då det vi i dag kallar slit, var ein vane.



Adkomst over fjorden
Båtskyss (tlf 975 08 300) frå Dyrkorn, så 30 min bratt gange opp til garden.
Frå sjøen går ein sti opp til garden.Han er hellelagt og går gjennom delvis tett lauvskog, noko som gjer at du slepp den svimlande kjensla av bratt terreng. Med normal gange tar det ca. ein halv time opp, men friskusar har greidd turen på eit kvarter. Nyt den flotte utsikta og studer den mangslugne vegetasjonen i lia. Kan hende får du sjå den sjeldne sopparten halmgul køllesopp (clavaria straminea) når du kjem opp på bøen. Det er gjort bere to funn av denne arten i Noreg.
Varer og bagasje vert frakta med taubana opp den bratte lia. Oppstigninga er ikkje verre enn at du fint kan bere lett oppakning sjølv.

Adkomst over fjellet
Turen frå Ramstaddalen i Sykkylven til Ytste Skotet er ei fin naturoppleving i fjellterreng. Varighet: ca. 3 timer en vei.

Klikk på kartet på høyre side for å se et detaljert kart.

Sesongåpent
Mai-okt: Dagleg. Overnatting i oppreidd seng på stabburet (opptil 20) eller i sovepose i høyet på låven. Servering alle måltid etter avtale, alt laga på vedfyrt ovn. Historisk omvising etter avtale.

Staff Photo